OM PROSJEKTET

UTGANGSPUNKTET

Dette prosjektet kom i stand etter eit ynskje frå lærarar ved Helsefag om eit sjukesignalanlegg, likt det elevane deira møter ute i praksis, på institusjonar.

TVERRFAGLEG

Lærarar på elektroavdelinga såg fort potensialet i å kunne byggje eit slikt anlegg frå botnen av, med hyllevarekomponentar og brukargrensesnitt laga frå botnen. Anleggsdelane er betjeningsknappar, fritekstskilt og sentraleining. Det heile er overvåking av ei sjølvutvikla grafisk løysning via Ipad. Trass i at dette anlegget er bygd av rimelege komponentar, skal det inneha kvalitetane til tilsvarande kommersielle anlegg, nytta på institusjonar og sjukehus. Programmering av logikk og overvakingseining, samt prosjektering, utforming og bygging av sentraleining er gjort av elevar ved VG2 data og elektronikk. Montering av kabelkanalar og føringsvegar er utført av elevar ved VG2 Elenergi. Eigarar og brukarar av anlegget vert lærarar og elevar ved Helsefag-utdanninga.

UTFORDRINGAR

Den største utfordringa låg i å kople saman dei ulike komponentane og få dei til å kommunisere godt, frå dei fysiske trykk-knappane til skilt og web-grensesnittet.

INTERAKTIV OPPLÆRING

Målet har vore å lage eit anlegg likt det ein finn ute i helse- og ogmsorgssektoren. Anlegget skal vere så intuitivt at det skal vere trong for minimalt med opplæring. Som ein ser under "opplæring" kan ein kjapt lære seg bruken av, og logikken i systemet ved å utforske den interaktive opplæringa gitt her.


KLASSEN & LÆRERE

Frå venste: Lars Ivar Menes (Lærar) , Vemund Skjerdal , Per Fosse , Ingunn Molland , Martin Vigdal , Frederick N. Kwihangana , Erik Petzsche , Johannes Myklebust , Eirik H. Nes , Sigve Neset , Ole Gurvin Gurigard (lærar) , Asmund Brendstuen


© Copyright 3DATA v. Sogndal VGS 2022